Sunday, January 4, 2009

Kjole

Denne kjolen blei eg ferdig med rett før jol, og eg brukte den mykje i jola. Oppskrifta er frå Vouge Knitting (sommaren 08). Eg prøvde 4 ulike garntypar før eg traff blink - og garnet eg enda opp med var Muskat. Måtte endre litt på oppskrifta mens eg strikka for at den skulle passe, men slik er det når ein ikkje brukar originalgarnet.