Monday, February 23, 2009

"Summer in Tokyo"

Det andre strikkeprosjektet eg endeleg er blitt ferdig med er gensaren "Summer in Tokyo". Det tok si tid, for eg streva litt med halsen (mønsteret var litt ufullstendig). Gensaren blei lagt vekk og gløymt, men for nokre veker sidan fekk eg gjort den ferdig.






Mønsteret fann eg i boka "Japan" av Isager. Gensaren er strikka i alpakka/lammeull frå Isager, som eg bestilte hjå Pinnsvin design. Eg har endra litt på mønsteret. Originalen hadde 3/4 armar og var ganske kort i livet, så eg forlenga både armane og bolen. Den var kjekk å strikke, men eg rota litt med halsen. Etter å ha festa ein masse trådar, dampa eg den. Har fått mykje skryt av gensaren, som eg ikkje trur så mange har strikka.




Tunika

Det har vore litt stille her på bloggen min i det siste. Har strikka masse, men når eg har kome til monteringa har det stoppa opp. Men dei siste vekene har eg fått montert og gjort ferdig ein del ting, deriblant ein tunika strikka i Lerke.




Oppskrifta på denne tunikaen kjem frå Dale garn og er strikka i svart Lerke. Begynte å strikke på størrelse Medium (som vanleg), men den blei så stor at eg måtte rekkje opp og strikke den i ekstra small. Lerke er eit nydeleg garn å strikke med, så det gjekk som ein drøm. Blei veldig fornøyd med resultatet.

Lappar til lappeteppe

Er med på å strikke vennskapsteppe på Norsk strikkeforum. Kvar månad skal me strikke lappar og sende til kvarandre. Her er det foreløpige resultatet, etter å ha mottatt lappar frå 8 medlemmar.


Det kan bli ei utfordring å sy saman desse lappane, for dei varierer ein god del i størrelse.