Den er strikka av 1300 gram Hubro, så den er ganske tung..... Har tenkt på å fore den, men då skulle eg nok hatt eit elastisk for. Eg får sjå kva eg får tak i.
Det tok 1 1/2 veke å strikke denne jakka. Så det gjekk fort. Kjekt med det som blir fort ferdig i blant... Er ikkje heilt fornøyd med knappane, som eg hadde liggande i syskrinet. Var på sybutikken på fredag men fann ikkja nokon knappar eg syns passa. Må nok vera litt på utkikk. Eigentleg skulle knappane heklast. Prøvde meg på det, men den så ut som ei grøn klovnenase... Jakka er varm og god, og passar jo godt no når hausten kjem. Berre det ikkje blir ein regnfull haust.....