Monday, December 22, 2008

Vottar


Då er den siste julepresangen i boks - vottar til broder`n.

Dei er strikka etter eige mønster av Smart-garn, som eg fann i restekorga mi.


Friday, December 5, 2008

"Desember klutar"

Dette er mitt desemberbidrag til oppvaskklut-alongen på Hobbyforum.
Det blir nok julepresangar.




















Campfire-socks


Så er det fjerde paret med Campfire-socks ferdige. Det blir også julepresang.


Thursday, December 4, 2008

Vottar og lue

Strikka ei "baggy" lue til meg sjølv etter mønster frå Debbie Bliss strikkeblad. Det blei ein del prøving og feiling før eg fann eit passande garn, sidan eg ikkje fekk tak i originalgarnet. Fann ut at lua blei perfekt i dobbelt Mirasol garn. Denne lua likte eg VELDIG godt, og kjem til å bruke den mykje. Den er i alle fall kjempevarm på øyrene, no når det er kaldt ute.


Broren min kom med eit hint om at han ønsker seg vottar til jul. Fann fram noko Smartgarn frå restekorga, og strikka desse. Dei er strikka etter eige mønster, og eg er fornøyd. Håpar dei fell i smak :-) .

Monday, December 1, 2008

Campfire-socks



Dei blei to par til av Campfire-socks, som er november/desembermønster på Projo sin sokke-along. Dei er strikka i smart på pinne nr. 3 i herrestørrelse. Dette blir julepresangar.

Friday, November 7, 2008

Campfire-socks

Dette er november-/desember-sokkane i Projo sin "sokke-along".
Dei er strikka i Smart på pinne nr. 3,5. Dei var veldig raske å strikke, med tjukt garn og pinnar, og dei blei velig fine syns eg. Dette blir nok julepresang.


Hekla lue

Denne lua er hekla i tynn alpakka. Den blei litt trang, men eg prøver å strekke litt i den.... Har nok hekla litt fast. Men eg likar denne lua godt.


Lue og hals

Lue og hals i alpakka frå strikkeheftet "Maskerader" nr. 6.



Lua er strikka i ein tråd Misti (raud) og ein tråd Faerytale (orange) på pinne nr. 8 og 9.


Halsen er strikka i dobbelt Faerytale på pinne nr. 7.

Tuesday, October 21, 2008

Nutkin socks


Då blei eg endeleg ferdig med september/oktobersokkane på projo.

Dei er strikka i fabel på pinne nr. 2,5. og var raske og kjekke å strikka når eg først kom i gang. Kjem nok til å strikka desse igjen, men då i einsfarga, slik at mønsteret kjem bedre fram.

Saturday, October 4, 2008

Blomsterknopper - muffediser

Det har blitt lite strikking på meg den siste månaden, fordi eg har begynt på etterutdanning (i tillegg til 100% jobb). Mykje av ettermiddag- og kveldstid har gått med til lesing og oppgåveskriving. Sidan det er ei stund sidan eg var studen sist, sleit eg veldig med oppgåveskrivinga. Håpar det går bedre når eg skal skrive neste oppgåve i slutten av månaden....

Men litt strikking har det blitt:


Desse muffedisene fann eg mønster på i strikkeboka "Japan" av Marianne Isager. Eg har forandra litt på mønsteret, med ribbestrikk, fordi dei blei litt for vide for meg. Grunnen til at dei blei for vide var vel at eg brukte eit litt tjukkare garn enn originalen. Fekk brukt opp litt restegarn av Drops alpakka.

Sokkar


Desse sokkane er strikka i garn frå restekorga mi (PT-sport). Mønsteret er frå Drops.

Thursday, September 4, 2008

"Sommer i Tokyo"

For to veke sidan såg eg i strikkeboka "Japan", og falt pladask for ein gensar kalla "Sommer i Tokyo". Det var kjærleik ved føste blikk........ Dagen etterpå bestilte eg garn hjå "Pinnsvin Design", og fire dagar etter låg garnet i postkassa mi. Det er "Isager"-garn (alpaca/wool) i lekkre, duse fargar. Kjenner eg blir heilt ør når eg ser på / tar på dette garnet - og ser for meg resultatet når det blir ferdig. I skrivande stund er eg godt i gang med bolen. Er nesten kome opp til under armane.....

Pulsvarmarar

I mars fekk eg eit nøste med kashmirgarn til bursdagen min, saman med eit mønster på pulsvarmarar (frå "Pinnsvign Design").Her om dagen dukka dette nøstet opp igjen frå garnlageret mitt, og blei endeleg forvandla til dei mjukaste pulsvarmarane eg har strikka....... Det er holmønster framme, men det kjem ikkje fram på bildet.

Wednesday, September 3, 2008

"September-klut"


Eg er med på oppvaskklut-along på Hobbyboden. I september er det 3 ulike mønster å velgje mellom.
Valget mitt falt på denne tofarga kluten frå Ronille. Eg har strikka den i "Mandarin Naturell" (funne i restekorga), på pinne nr. 4. Likte mønsteret på denne kluten godt, og så var den moro å strikke.

Sunday, August 31, 2008

Jakke i Hubro - Ferdig !!!

Så er jakka ferdig. Gjorde min eigen vri på slutten, slik at det blei ei jakke og ikkje ei kåpe, som det originale mønsteret.
Den er strikka av 1300 gram Hubro, så den er ganske tung..... Har tenkt på å fore den, men då skulle eg nok hatt eit elastisk for. Eg får sjå kva eg får tak i.




Det tok 1 1/2 veke å strikke denne jakka. Så det gjekk fort. Kjekt med det som blir fort ferdig i blant... Er ikkje heilt fornøyd med knappane, som eg hadde liggande i syskrinet. Var på sybutikken på fredag men fann ikkja nokon knappar eg syns passa. Må nok vera litt på utkikk. Eigentleg skulle knappane heklast. Prøvde meg på det, men den så ut som ei grøn klovnenase...

Jakka er varm og god, og passar jo godt no når hausten kjem. Berre det ikkje blir ein regnfull haust.....

Tuesday, August 19, 2008

Jakke i Hubro - 4. dag

Etter fire dagar har eg strikka begge armane og litt av for- og bakstykket. Det ser litt løye ut, men det er frå livet og opp (eg skal plukke opp maskar i nederkanten og strikke vidare på for- og bakstykket seinare...). Dette går rimeleg kjapt ;-)

I morgo skal eg starte på raglanfellinga. Gledar meg.... :-)


Saturday, August 16, 2008

Jakke i Hubro - 1. dag

I dag var eg på salg hjå garnbutikken "min" og kjøpte 1,3 kg Hubrogarn frå Dale. Det er vanskeleg å styre seg når det er 20 % avslag på alt garn, men eg klarte å gå ut av butikken utan noko meir (men eg må innrømme at det var vanskeleg.........). Det er jo så mykje lekkert garn, og så mykje eg vil strikke. Men eg må berre innsjå at det er for lita tid til å strikke alt eg har lyst til.


Eg trur eg skal gjera min eigen vri på denne kåpa, og strikke den som ei jakke i staden for (den blir litt meir anvendeleg då trur eg). Men eg får sjå etterkvart.

Mønsteret er henta frå Dalegarn sitt strikkehefte: "Konfekt" nr. 196.
Eg byrja på for- og bakstykke ( i livet) og strikka så langt eg kunne.


Sidan det er raglanfelling på denne kåpa, så må eg strikke armane før eg kan strikke vidare på for- og bakstykket. Garnet er tjukt og på pinne nr. 9 går det rimeleg kjapt. Eigentleg er eg ikkje så glad i å strikke på så tjukke pinnar, for det er litt "tung", men eg kunne ikkje motstå denne kåpa. Har hatt den på lista mi lenge........

Wednesday, August 13, 2008

Romantic Lace Socks

Så blei det eit par Romantic Lace Socks til meg sjølv. Dei er strikka i Sisu på pinne nr. 3. Dei blei kanskje ikkje så romantiske i striper, men men..... Dei originale sokkane var kvite, og det er vel litt meir romantisk. Men eg er fornøyd eg!!



Monday, August 11, 2008

Strikkekonkuranse på Hobbyboden

Denne veka er det strikkekonkuranse på hobbyboden. Oppgåva er å strikke ein klut.

Fridag + regn = kjøkkenklut

Så her er mitt bidrag, strikka i Tuva på pinne nr. 4, etter mitt eige hovud.

Friday, August 8, 2008

Oppvaskklut-along


Har meldt meg på oppvaskklut-along på Hobbyboden. Det er greitt å ha litt "småstrikk" innimellom. Alongen startar opp i september, men det er tjuvstart på alongen med ein oppvaskklut frå Ronille. Greitt å strikke framfor TV´en. Det blei to stykker, men no får eg vente til 1. september då det kjem eit nytt mønster.


Feriestrikk på Mallorca !!!


Var på ferie på Mallorca i 2 veker. Der strikka eg nokre lappar til NSF Vennskapsteppe.

Det er greitt å ha noko lite å strikke når ein sit på balkongen på ettermiddagen og kvelden.

"HÅNDPLAGG til bunader og folkedrakter"

Var på biblioteket og lånte boka "Håndplagg til bunader og folkedrakter" av Heidi Fossnes. Ho har samla mange "skattar" frå museumsmagasiner rundt om i landet. Boka innheld bilder og oppskrifter på plagg som varmar hendene, pyntar, skjuler eller gir status.

Dette er ei praktbok som eg godt kunne tenkt meg å ha i bokhylla mi.

Vott frå Limingen

Eg ilte bort på Husfliden og kjøpte Røros Lammeullsgarn i eggekvit farge, og satte i gang. Strikka, strikka, strikka og strikka - og vips så var dei ferdige. Dei var greie å strikka, og holmønsteret vart lekkert. Har nok lyst å strikka fleire par av desse - kanskje til julepresang?





Vott frå Limingen

"Klarry Ingulfsvann forteller at disse vottene ble strikket av hennes mormor Anne Sørås, født 1878. Hun spant garnet selv, og strikket ein mengde slike vottepar både til barn og barnebarn. Garnet er spunnet i en tynn tråd av glansfull fin ull. De har blitt brukt som stasvotter og brudevotter sist på 1800- og først på 1900-tallet. Denne typen vitter var vanlig over store deler av landet, og ble gjerne kalt "kyrkjevott." (sitat frå boka "Håndplagg til bunader og folkedrakter)

Friday, July 11, 2008

Lue og vottar



Midt på sommaren og eg strikkar julepresangar..... Det er nytt for meg, men eg tenkte eg skulle vera tidleg ute (for ein gong skuld).

"Robbins`s egg blue hat" og vottar strikka i Alfa på pinne nr. 6. Dette gjekk veldig raskt å strikke - tjukt garn og tjukke pinnar. Trur eg må lage meg ei slik lue sjølv, for den passa meg perfekt.

Basketcase sokkar


Det er sommar og tid for litt småstrikk.

Er ferdig med eit par "Basketcase socks" til sambuaren. For å få litt variasjon har eg brukt to ulike gråtonar. Sokkane er strikka i Silja strømpegarn og Sisu (garn frå restekorga), på pinne nr. 3.

Friday, July 4, 2008

Breeze sokkar



Då var eg ferdig med juli- / augustsokkane i Projo sin "sokke-a-long". Det er ankelsokkar strikka i bomullsgarnet "Mandarin Petit" (som eg fann i restekassa). Eg er ikkje så glad i å strikke i bomullsgarn, men det gjekk greitt med eit slikt lite prosjekt.
Som kanskje nokon ser har eg endra litt på fellinga til tåa.

Monday, June 30, 2008

Herregensaren er ferdig!!



Då var eg endeleg ferdig med herregensaren frå Dalegarn, strikka i "Lerke". Starta å strikke den for 2 månadar sidan, men har hatt ein god del pausar innimellom (må ha litt variasjon). I dag har eg festa trådane og montert gensaren, og det er litt av ein jobb for å få det fint. Syns ikkje eg er spesielt flink til den jobben.
Mottakaren var veldig fornøyd, og gensaren passa som "eit skudd".

Tuesday, June 24, 2008

Eg har "snopa"


I dag var eg på garnbutikken og "snopa" Mandarin Petit til ein sommartopp. Raudt er ein uvanleg farge for meg (har vel ingen klesplagg i raudt....), men eg hadde som mål dette året å strikke noko raudt. Vanlegvis når eg strikkar noko til meg sjølv, blir det i blåtonar, grøntonar, brunt eller svart.

Lappar til NSF-lappeteppe


Eg byrja med å strikke 2 lappar til mottakar for juni månad. Men eg blei "bitt av basillen", så det har blitt eit utvalg av lappar i ulike fargar og mønster. No ventar eg spent på den første pakka med lappar. Pakka frå meg er sendt...

Wednesday, June 11, 2008

Klukka-kjolen er ferdig!



Ja så var eg ferdig med klukka-kjolen. Den er strikka i Lett Lópi, som er eit garn frå Island. Garnet var tjukt, så det gjekk fort å strikke. Det tok eigentleg ikkje så mange dagane å strikke. No når det har vore så varmt her på Vestlandet, har eg ikkje orka å strikke så mykje på den. Men med ei gong styggevèret kom, blei det strikka masse eit par kveldar - og vips så var den ferdig. I dag har eg festa trådar og dampa den. Dette blir ein fin kjole å bruke på hausten og vinteren. Hmmm..... synd at den må henge så lenge utan at eg får bruke den........... Men fyrst vil eg nyte sommaren......

Wednesday, June 4, 2008

Tova veske

Så blei endeleg veska ferdig. Eg blei ferdig å strikke den i vinter, men så blei den lagt vekk. No har eg fått sydd den saman og sydd i fòr og glidelås. Eg må seie at eg blei veldig fornøyd med resultatet.
Veska er strikka i dobbelt PT2 garn og tova fleire gonger i vaskemaskina.

Tuesday, June 3, 2008

Monkey socks



Her er mine "Monkey socks" som eg har strikka av "Løve baby og hosegarn". Sokkane var kjekke å strikke, så det gjekk som ein draum (sjølv på pinne 2,5). Det blir nok strikka fleire par sokkar utover sommaren og hausten, for eg kjøpte 10 nøster sokkegarn på tilbod. Mønsteret finn du her: http://knitty.com/ISSUEwinter06/PATTmonkey.html

Wednesday, May 28, 2008

VENNSKAPSTEPPE


Har meldt meg på Norsk Strikkeforum sitt vennskapsteppe. Eg skal strikke 2 lappar i månaden som eg skal sende til dei andre som er med. Forhåpentlegvis får eg tilbake mange forskjellige lappar i brun- og beigefargar. Så når eit år er gått kan eg sy lappane saman til eit flott vennskapsteppe. Det er første gong eg er med på noko liknande, så eg er veldig spent. Gledar meg masse til 1. juni når "startskotet" går.

Starten på klukka-kjolen

Det tok ikkje mange timar frå eg fekk garnet i posten, til eg var fullt i gang med å strikke.
Garnet er ganske tjukt, så det tok ikkje lang tid før det begynte å vekse. Syns mønster og fargar er flotte saman. Men garnet er litt tungt og tregt å strikke, så eg kjente det litt i hender og ei skulder. Derfor kan eg berre strikke litt kvar dag.
Klukkakjolen finn du på http://www.birgirsdottir.no/.


Thursday, May 22, 2008

Garn i posten


I dag fekk eg garn i posten frå Gunn Birgirsdottir. Det skal bli ein herleg klukkakjole. Eg klør i fingrane etter å begynne. Men BØR bli ferdig med andre prosjekt fyrst.

Tuesday, May 20, 2008

Sokkar med mønster


Som ein ihuga strikkar har eg alltid fleire prosjekt på gang. Er godt i gang med å strikke sokkar i Løve baby og hosegarn. Det er eit flott garn å strikke med og resultatet blir supert.

Monday, May 19, 2008

Herregensar frå Dale

Dette er kva eg har på pinnane for tida.
Strikkar ein gensar til "gubben" i dalegarnet Lerke.